Stølsviddeprosjektet

Stølsviddaprosjektektet starta opprinneleg i 1986 som eit kulturlandskapsprosjekt som omfatta delar av Ulnes og Svennes sameiger i Nord Aurdal og noko areal i Vestre Slidre statsallmenning. Stølsvidda er eit prosjekt- og ikkje eit stadnamn.Men området blir no meir og meir omtala som Stølsvidda.Prosjektet har generert pengar til Stølsvidda til ulike tiltak. Mange prosjekt er gjennomført, og på slutten av 2006 inviterte Stølsviddaprosjektet til oppstart av stølsturisme for dei aktive stølseigarane. Utover våren 2007 vart det til slutt ei gruppe på 7 stølar som danna "Opplev stølslivet". Sidan har Stølsviddaprosjektet støtta "Opplev stølslivet" økonomisk i oppstartsfasa. Vi er glade for all støtte og velvilje vi har fått!

Foto: Anna Guri Ringen